fredag 3. juli 2015

O, kjærleik!





Dei sa ja! 

Det var dags for heildagsfotografering,
og for ein dag det viste seg å bli. Sjølv om det låg an til
å bli både surt og nedbør, var det veldig flott å vera med på 
opptil fleire glimt av sol - ikkje minst då dansen vart teke for 
fotografen i solnedgongen.... SUKK! Det var heilt perfekt.
Med musikken på mobilhøgtalar, og brudgomen song med
og erklærte på ny sin kjærleik til sin flotte brud 
- då vart eg passe blaut i augene altså!


Dagen starta på Trend Frisør på Husnes, der eg brukte 
ein god del tid med bruda og hennar jenter. Deretter svippa eg
raskt oppom til den komande ektemannen og hans dedikerte 
forlovar. Alt på stell i begge leirar, så eg fekk med meg 
då brudekjolen kom på plass etter den korte visitten til mannfolka,
før det bar vidare til Husnes kyrkje for vigsla. Ei feiande fin ei det og.
Og som sagt, dei sa ja, og alle hjarte gleda seg.

Hunden Ariel vart med til Undarheim gard for litt fotografering etter
kyrkjeseansen, fine italienske mynden tok seg godt ut på trappa,
heldigvis kom det gløtt av sol så ho ikkje vart kald når ho måtte sitta i ro!
Og Undarheim gard er jo ei perle i seg sjølv. Med eit lekkert brudepar
jekkar garden seg opp nokre hakk likevel. Herskapeleg og fint.
Etter seansen der køyrte me vidare til Uskedalen, og stoppa fem minutt 
for nokre utebilete i ei stund med opplett, før det var dags for fest 
på Dønhauglåven. Der venta brudefølgje festklare og blide.
Festen var flott, mange rørande og personlege talar,
herleg mat og eit flott pynta lokale - alt på stell.
Diana Ousdal hjelpte til med pynt og dekorasjonar,
og tok dermed sitt første steg ut i bransjen 
- no tek ho på seg jobbar som bryllups- og eventplanleggar!

Til lukke med ekteskapet,
og nyt dagane og livet vidare saman,
mann og kone for ever!


..... 


Den kjærleiken altså!



.....

























.....





























.....



































Nydeleg!





© Jorun Larsen 2015










Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar