torsdag 18. juni 2015

E + R = sant





Jadda, tar si tid mellom desse innleggene mine om dagen.
MYKJE på gong, and I love it!

Eg har fått meg nytt studio, noko som har tatt mykje av tida mi.
Litt oppussing, og ikkje minst mykje av det eg ikkje visste eg måtte 
planlegga og eiga der. Eg er enno ikkje i havn, men gler meg maks 
til å tilbringa arbeidsdagane mine der. I løpet av sommaren vert det 
offisiell opning, då håpar eg mange stikk innom for å sei hei!



*



Men - det dette innlegget skal handla om er kjærleik.
Størst av alt, og alt det der. Eg er så samd!


I mai starta årets bryllupsfotografering med desse flotte.
Vigsla var lagt til Uskedalen kyrkje i Kvinnherad, og der
hadde me også fleire flotte stader å fotografera etterpå.
Sjølve festen var i Helgheim, eg var ein kjapp tur innom 
før denne starta og fekk nokre bilete av pynten, 
totalt sett var det mykje minne å samla!


Ein av dei andre minnene var at eit av innslaga i 
kyrkja var song av sjølvaste Tor Endresen! Brudeparet visste
ingenting om kuppet, noko som gjorde det ekstra spesielt og flott!


Når vigsla var over og begge hadde svara korrekt,
gjekk turen opp på bakkane, med utsyn direkte mot 
Ulvanåso - som gjorde jobben med å vera bakgrunn for
fleire av bileta til toppkarakter. Å fotografera i Kvinnherad er 
fenomenalt på alle måtar - landskapet er vanvittig mektig
omlag uansett kor ein er.


Vidare hadde me ein stopp ved keisargarden,
som ligg like utanføre sentrum. Med ein nydeleg steingard,
og tre og buskar fulle i sjel og årelangt liv, hadde me nok ei 
flott ramme for fleire bilete. Eg var med frå vigsla starta til festen byrja.


Dette var det første bryllupet mitt i år,
mange fleire på g, og nokre fleire er allereie over.
I september (og utover hausten) har eg nokre helger ledig enno,
dersom nokon er i beit for bryllupsfotograf! 




*









*













 *









© Jorun Larsen, 2015





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar