fredag 20. mars 2015

Portrett




Før jul fotograferte eg denne flotte familien. 
Me la shooten til Røynholm ein dag vêret ikkje var aller verst,
og sjølv om skumringa kjem FORT i slutten av november,
klarte me oss med det lyset som var. Halv fem var det nesten mørkt.


Synest ikkje det ser ut til å vera slutten av november på desse bileta,
men så er jo grensene på årstidene noko utvaska her på vestlandet...


*


I morgon skal eg ha eit lite fotokurs for ungdom, og eg er spent på korleis dei vil
portrettera kvarandre. Kva for vinklingar dei vel, om det vert ute i naturen, 
eller med ein rein bakgrunn. Om det er venskap som kjem fram,
eller kva kjensler og stemningar dei legg i bilda sine.
Heldig er eg som får følga dei på sin sti og få eit innblikk i 
korleis ungdommar tenker når dei har eit kamera i neven!


*
















© Jorun Larsen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar