onsdag 25. mars 2015

Fotokurs




I helga hadde eg følge av ti engasjerte ungdomsjenter
mellom 12 og 17 år på 4H leir i Rosendal.

I løpet av nokre timar fekk dei læra litt om innstillingane på kamera,
eg utfordra dei til å fotografera kvarandre, og me hadde to fine økter
ute, der dei fekk fotografera fritt med hjelp frå meg der det trengtes,
samt dei fekk sjå korleis eg pleier å jobba med portrett, kva eg ser etter
når det gjeld locations og til sist fekk dei ein lyninnføring i redigering.

Pixlr.com/express er eit onlineprogram eller app som kan nyttast både
på data og på mobil eller nettbrett, så me nytta det sidan det er tilgjengeleg
for dei som ønsker moglegheit til å redigera bileta sine no etter kurset også.

Eg nytta sjølvsagt høve til å dokumentera litt av det som gjekk føre seg,
og enkelte andre bilete fekk eg også tatt. Etter jentene hadde fått litt tips
og lært litt triks, var dei stort sett sjølvgåande resten av tida. 

Noko av det som toppa opplevinga mi som kurshaldar
var då eg fekk denne tilbakemeldinga;

"Eg har prøvd å fotografera veninna mi heime, men det har liksom aldri blitt
slik eg ville. No har eg lært litt meir, så no veit eg kva eg skal gjera når eg kjem heim!"

Kan tru det varma! 

Her er nokre av mine observasjonar frå dagen.

















© Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar