torsdag 26. februar 2015

Just do it!




Eg fekk denne invitasjonen for nokre dagar sidan, og det var faktisk ikkje 
det lettaste å sei at det ikkje passa for meg å koma i år.


I august 2014 hadde eg nokre heilt vanvittige dagar på denne workshopen,
i ei nydeleg ramme på Halsnøy, buande i eit sjelfullt rom inne på klosteret.
Eg kan enno dra fram kjensla av å lista seg over dei knakande golvplankane
for å ikkje vekka dei andre deltakarane på morgonkvisten,
der eg vakna av dagslyset som lyste opp rommet mitt gjennom
dei mektige trea som svaia i vinden i klosterhagen.



Svulstig reklame for ein workshop på bygda? 
Niks, berre bergtatt av å bu slik i ei lita veke,
med felles fokus på fotografi og fotografering. 



Full av myggstikk sprang eg rundt i bygda og tok sjølvportrett.
Vassa rundt i myrer, gøymte meg vekk på små stiar. Drog med meg stativet,
nokre rekvisittar og ideane eg fekk etter leggetid kvar kveld.
Eg jobba intenst med å spissa mitt eige fotografiske uttrykk.
Ingen av fotografia eg skapte i løpet av desse dagane vart redigerte,
då ein av dei første utfordringane eg fekk var å vera meir bevisst på kva bilete eg ville skapa,
og å heller få det riktige uttrykket i kamera.


Me var fire deltakarar, noko som eigentleg var for få til å gjennomføra workshopen, 
men eg er meget glad for at det vart kurs likevel. Med heilt ulik erfaring
og uttrykk, jobba me parallelt med kvarandre, og hadde interessante og lærerike
samtalar om bileta våre i dei daglege fellessamlingane. Sidan me hadde så ulike
innfalsvinklar til fotografi, lærte me truleg meir i løpet av desse samlingane.
I tillegg fekk me eit innblikk i både gamle heltar og nye fotografar,
noko som også var superlærerikt for min del, som lett kan reknast som ein 
uviten nybyrjar når det gjeld fotografiets historie og betydning. 
Som kunstform og som dokumentasjon - to retningar som eg har stor 
respekt for, og som gjer at faget lokkar så inderleg.


Øyvind Hjelmen er ein fotograf som eg har sett opp til lenge.
Hans poetiske bilete, stort sett i svartkvitt, rører noko i meg,
og eg hadde lenge hatt eit ønske om å delta på ei av hans workshopar.
I løpet av desse dagane hadde eg eit villt og turbulent indre liv, 
som framleis er vanskeleg å setja ord på.
Eg gjekk inn i veka med høge ambisjonar og store forventnadar. 
Eg meiner at desse vart imøtekome i løpet av dei personlege samtalane med Hjelmen. 
Gjerne på ein benk i klosterhagen, med ein kopp herleg svart kaffi i neven,
notatblokk og ein lett tone. Gid eg kunne hatt ein slik mentortime dagleg...


Hjelmen er ein person som er god på rettleiing, mest som ein guide.
Også veldig lærerikt for meg å høyra korleis livet som fotograf er,
spesielt innan kunstfotografi, som er både mitt og Hjelmen sitt hjarta nærast.


SÅ!
Dersom det er nokon av dykk som les dette, som har ein lidenskap for
fotografi, som ønsker å dvela i ei fotografisk boble ei lita veke i august,
i nyyydelege omgivnadar, blant herlege og inspirerande menneske;
eg anbefalar denne workshopen med heile mitt hjarta. 



Her er nokre av mine bilete frå mitt opphald.
Eg har visst ikkje delt så mange av dei tidlegare.













© Jorun Larsen














Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar