onsdag 18. februar 2015

Forlovelsesfotografering



På tide at eg gir litt informasjon her no, for bryllupene 
står straks i kø for sommaren! Gosh, eg gler meg stort
til å reisa rundt med utstyret mitt, med sommarfuglar i magen,
litt klamme nevar, spent på både mine og brudeparet sine vegne.
Blir det opplett eller regn, eg er førebudd på alle utfordringar som kan komma?
Det er ikkje heilt dei samme sommarfuglane som brudeparet har,
men jommen er det sommarfuglar hos meg og på desse dagane.

Samstundes er eg jo utruleg takksam og føler meg heldig
for at parene ønsker å ha meg der, gjerne heile dagen!
Dei set sin lit til at eg skal klara å dokumentera dagen deira,
og då får eg vera med å skapa minner, 
DET er den største æra eg veit i fotograferinga mi.
Å få lov til å ta ein så stor del. Og stort sett for folk eg ikkje kjenner.
Eit stort ansvar, men og ei stor ære!

Og fordi eg tykkjer det er så stort, har eg fundert på kva eg kan gjera
for å betra heile opplevinga. Det er ikkje slik at eg har høve å møta alle 
brudepara mine personleg før eit bryllup, men dei gongane eg har sett meg ned
med paret før bryllupet blir ein straks litt tryggare på situasjonen.
Då veit ein iallfall kven av dei to flotte dresskledde mennene ved alteret som er brudgomen,
ein har litt peiling på korleis paret forheld seg til kvarandre, ein merkar korleis 
dei ser på kvarandre, får eit innblikk i korleis personlegheitene deira er.
Gull verd, sjølv om ein ganske raskt får eit liknande innblikk på sjølve bryllupsdagen og,
men då er det stort sett fleire nerver ute og går...


*


I denne anda - og på grunn av at eg har sett så mange fine engagement shoots 
frå andre fotografar - vil eg byrja å tilby dette sjølv og. Eg ser berre fordelar med 
å ha ei slik fotografering i forkant av bryllupet, for ein får jo møtast personleg,
og ikkje minst får ein testa ut kjemien under fotograferinga. 
Brudeparet får også ein fordel, både med å merka korleis eg jobbar,
og dei får fine bilde som dei igjen kan nytta i invitasjonar
eller som element i bryllupsdekorasjonar, som eit "forord" i bryllupsalbumet,
på planleggingsbloggen - moglegheitene er mange slik eg ser det iallfall!
Her kan ein også finna fram til ein fotografisk stil som alle partar er nøgd med,
som sagt - eg ser berre fordelar!

Og sidan dette er eit tiltak for å bli kjent med dei som har booka meg til bryllup,
vil dermed desse få avslag i prisen på ein slik shoot. Tilbodet tenker eg å gi
også til dei som vil prøva skoen på før dei kjøper den. Det er jo ei stor investering,
både økonomisk der og då, men også med dei nemnde minnene
som ein skal ha heile livet, og som skal gleda generasjonane som kjem etter!

For meir informasjon om pris eller gjennomføring på dette, send meg ein epost
eller ei melding på facebook! Prisane mine fins  h e r


*


Eg har no hatt mi første forlovelsesfotografering,
og må sei at eg allereie likar konseptet, og synest det er fantastisk 
å få møta brudeparet i litt mindre alvorlege omstendigheiter. 
På denne fotograferinga var me i tillegg heldige med eit nydeleg
vintervêr, og me fekk prata litt om kva uttrykk dei ønska, fekk testa ut
både stil og kjemi. Håpar det er fleire enn eg som ser verdien i å ta ein slik generalprøve!

Her er iallfall nokre av dei fine bildene av dei fine folka.
Og hunden, sjølvsagt. Ein nydeleg italiensk mynde!
For ein dag!












Love is in the air! 





© Jorun Larsen









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar