tirsdag 6. januar 2015

Inspirasjon - Tommy Ingberg

Tommy Ingberg i studio


Nytt år, nye greier. Eg har tenkt på at eg skal dela litt meir av folk og saker eg vert 
inspirert av her på bloggen. Bruka den meir til å fremja andre, noko eg trur fleire
kan ha glede av. Er eg inne på noko?


Tommy Ingberg oppdaga eg i fjor, ein fotograf frå Sverige som lagar poetiske og
surrealistiske fotomontasjar. Grunnen til at eg fekk sansen for han er at han
virkar som veldig ærleg i arbeidet sitt, samstundes som han er veldig tydeleg i uttrykket,
og uttrykket i seg sjølv er  heilhetleg, stemningsfullt og gjentakande,
presentert i ein smakfull svartkvitt stil, som eg jo er veldig glad i sjølv.


I tillegg er eg svak for det gjentakande, noko Ingberg i stor grad leverer
- både i heile portfolioen sin, men også innad i fleire av bileta hans. 



"Shell" er eitt av bileta frå serien Solitaire. Foto Tommy Ingberg



Ingberg er ein sjølvlærd fotograf, og eg kjenner meg att i litt av historia hans.
Vart fortalt at han måtte ta ei utdanning som gav ein god og sikker jobb,
og enda opp i eit yrke der han ikkje vart utfordra, og ikkje gjorde det han 
eigentleg trengte og ville. Meir om hans historie kan lesast  H E R
i eit fyldig og fint intervju hos Phlearn. 



"Chase" er frå serien Reality Rearranged. Foto Tommy Ingberg


Sidan eg vart merksam på bildene til Ingberg, har eg følgt med på bloggen hans,
og på kontoane hans på nett. Det siste han held på med no er - i mine auge - 
meir dramatisk og uttrykksfullt enn det han tidlegare har gjort.
 Framleis fotomontasje, men med litt andre verkemiddel, ser det ut som. 



Det vert som ei god bok, ein spenningsroman eller tragedie,
der ein får eit sug i magen av smerte, sjølv om ein ikkje heilt veit kva som utløyser det.
Og suget i magen er sjølvsagt av det gode slaget - fordi kunst gjer noko med oss. 
Gjev liksom kjenslene våre eit visuelt uttrykk, og tillet oss å kjenna det.




Ordtak Ananis Nin. Foto Jorun Larsen



Vel, sjekk han ut.
Eg er inspirert, kanskje fleire vert det og!










1 kommentar:

  1. Enig Jorun. Både dine og Tommy Ingbergs bilder er inspirerende. Likte også sitatet til Ananis Nin. Kom over at annet sitat på Instagram i går av Marcel Proust som jeg likte. Tagger deg på det bildet. Ha en fin dag i regnværet.

    SvarSlett