tirsdag 2. desember 2014

Julefotografering - lokale





Den flotte stylinga til skjønnaste Diana Ousdal 
gjorde lokalet til ein fryd å jobba i under julefotograferinga. 
Eg har verken nok pynt eller evne til å styla eit heilt lokale,
så at ho hjelpte meg var heilt perfekt! 

Eg lurte først på å køyra eit tradisjonelt raudt tema,
men på grunn av dei gjenstandane eg faktisk hadde,
vart det nærast å gå for natur,
med nøytrale fargar og ein varm palett.
Noko som også gjorde at ein kunne komma med 
dei kleda ein hadde på, utan at den raude fargen 
ville krasja med andre fargar. 
Neutral is the new black!

Med tema på plass, gjekk Diana laus i heimen sin
for å finna pynt som passa stilen eg ville gå for. 
Eg er så inderleg nøgd. High five, Diana!

I tru Jorun-stil, og på grunn av mykje enkle og 
grafiske former, viser eg stylinga i svartkvitt.



















Styling: Diana Ousdal
Foto: Jorun Larsen
© Jorun Larsen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar