fredag 28. november 2014

Julefotografering



I morgon brakar det laus med Jul i Rosendal
og julefotografering i Skålagato! 
Eg har fått knallgod hjelp av Diana Ousdal 
til å pynta lokalet der bokhandelen var før, 
og no er det SÅ koseleg der,
eg gler meg til å bruka dagen der i morgon!

Veldig spent på korleis det går, kven som kjem innom,
kor mange som kjem innom, stemninga, bildene, alt!

Det vert lagt opp som ein drop-in, der eg i utgangspunktet har sett av 15 minutt
til kvar familie eller gruppe. I går hadde eg ein testshoot med den vakre familien 
til Diana, og det kan nok bli ein mykje kortare session for mange trur eg.
Det er berre å kjøpa seg ei bolle på Peder Bakar og smugkikka litt gjennom glaset,
trur ikkje det vert lang ventetid iallfall.

For ein slik fotografering tar eg 450,- (KUN KONTANT) og leverer frå meg to stk
 bilder per epost. Desse har eg som mål å få sendt ut i løpet av neste veke, 
og ein kan dermed få tak i julekort i god tid før jul.

Å, eg gler meg!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar