onsdag 15. oktober 2014

Fine familien!





 Det kan nok vera at min bakgrunn frå lærarhøgskulen
og i skulen og barnehagar kjem godt med når eg skal fotografera.
Det kan også nemnast at geitene utanføre er til stor hjelp og glede 
dersom ungar (eller vaksne) treng ein liten pause frå modelljobben.


Men eg synes altså det er heilt herleg når det kjem ein gjeng
- som her - fulle av liv, nysgjerrighet og utforskartrong.
Kanskje litt ville i nikkersen, men gosj så kjekke bilde ein får.


Ein av grunnane til at eg ikkje vart verande i skuleverket
er på grunn av korleis ein legg opp skule -
stillesittande og umotiverande for nysgjerrige born.
Difor er det veldig lett å godta at ungar er viltre, leikne,
sure, utolmodige, høgrøysta, høgt oppe eller lavt nede
når dei er på fotografering. Det er 100% naturleg, og eg elskar det!






















© Jorun Larsen








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar