mandag 29. september 2014

Fine frøkner!



Eg synes det aller beste fotostudio er naturen.
(og den beste lyskjelda er himmelen)
Eg trur eg ville følt det slik uansett om eg hadde eit 200 kvm studio til rådighet,
men når ein fotograferer ute har ein alle verdas moglegheiter. 
Og ikkje minst ganske uendeleg med boltreplass.


Denne fotograferinga er eit praktdøme på det,
med to fine frøkner som klatra og hoppa og slo hjul og sprang og skata
- slik born ofte gjer når dei får frie tøylar og får vera ute i naturen.
Då er det fint for meg å berre følga etter dei så godt eg kan, 
og foreviga deira glede over alle sprell på vegen. 



Aktive, flotte jenter med nydelege smil! 
Her er nokre av augneblinkane.















 © Jorun Larsen








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar