Det er ikkje heilt uvanleg at familie blir spreidd til alle kantar
både grunna jobb, familie og andre grunnar.
Men ikkje alle sprer seg så godt at ein endar opp i ulike verdsdelar.
Denne familien har ein halv verden mellom seg,
og ekstra kjekt var det då å få oppdrag å fotografera dei
når dei kom saman til bryllupsdagen til foreldra.
Sjølv om det mangla ein svigerson, var resten av flokken tilstades.
Bildene vart tekne i Baroniet i Rosendal.
Først ei økt med verdensborgarane og deira gut,
deretter besteforeldre, barnebarn og barn.
Dei fleste kombinasjonar vart fotografert, og her er nokre av dei.
Store smil og flotte folk!
© Jorun Larsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar