søndag 16. mars 2014

Skattar frå Myrdal


Altså, Myrdal er eit eldorado. 
Der får eg ro i kropp og sjel, mykje flott å kvila augo på, 
samstundes som eg får trim. Det er rett i overkant av ei mil 
tilsaman att og fram, noko som gjer godt for samvitet og! 
Eg går der berre alt for sjeldan… 











På fredag naut eg godt av ein relativt roleg dag 
etter veker med arbeid både på dagtid og ettermiddag,
i helger og konstant fokus på arbeidet eg skulle gjera.
Eg hadde fleire kjekke deadlines eg måtte halda,
og utruleg mange kjekke menneske å prata med.


På onsdag kjem magasinet Det gode liv i Kvinnherad ut,
saman med Kvinnheringen. Dersom dei ikkje har kimsa
mellom meg og politiet denne gongen og, vil namnet mitt
stå under dei fleste sakene i magasinet. Kjekt arbeid, 
sjølv om det kan bli noko intenst når det står på.


Etter slike periodar treng eg litt avkobling,
sjølv om eg kanskje ikkje alltid er like flink
til å sjå det sjølv. Denne gong passa det perfekt 
med ein tur til Myrdalsvatnet - i allfall i første omgong.
Mogleg eg slenger i meg litt meir belønning litt seinare,
eg håpar på Kristiansund og Nordic Light i mai. 
Trur eg får bestilla meg flybillett og hotellrom ein av dei 
neste dagane, handling-handling-handling!



*


Elles var det stor stas å finna ut at eg fekk ein
niendeplass på Foto.no sin årlege konkurranse
Fotografen 2014. Ein niandeplass gav meg tre poeng 
i første runde, der tema var fritt og ein skulle leika med lyset.
Eg heiv meg berre på heilt spontant, men no trur eg eg lyt
halda fram med å konkurrera her. Eg leverte inn dette bildet.





Neste tema er alderdom,
der ein skal levera ein serie på tre til åtte bilder. 
I'm on it.


*


Men attende til Myrdal. 
Eg fant nokre skattar som eg tok med meg heim.
Sjekk ut desse fargane, teksturane og formene! 
Tak med sjel.






 







*



Og litt is.






© Jorun Larsen







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar