tirsdag 18. mars 2014

"Portraits 2014"

Det blir litt deltaking i internasjonale og nasjonale konkurransar, 
og i dag fekk eg melding om 12 poeng i ein circuit -
ein konkurranse med fire juryar. Serbia og Bulgaria holdt konkurransen.

Her er bileta som fekk poeng, mykje svartkvitt 
- det er mitt hjarta nærmast.

Eg hugsar for nokre år sidan, då tok eg mest bilete
av ting, gjenstandar, utsnitt som berre viste 
bruddstykke av situasjonen eg var i.
No tek eg mest bilete av menneske. 
Det er så inderleg spanande. Møtet.
Korleis eg ikkje kan planlegga kvar detalj,
for det er møtet mellom meg og dei eller den eg
fotograferer som gjer biletet. 
Dette er nokre av mine møte. Håpar det vert mange mange fleire.






1. Brothers and Sisters
2. Taking a break
3. Girl with long hair
4. The artist
5. Viddo
6. Done bathing
7. A rainy day
8. Boy



© Jorun Larsen





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar