fredag 31. januar 2014

Fot(o)


Jepp, eit halvkult ordspel på ein fredag må til...


Dette bilete (i farge) er eitt av tjue som representerer Noreg i FIAP sin world cup i foto. Hurra!


Eg fekk ei gledeleg melding i går om at 
det bilete eg sende inn til noregs landslag i foto
vart plukka ut som eitt av tjue som skal representera
Noreg i world cup i foto - med tema Friendship and Solidarity.
Likar veldig godt ideen bak, at foto skal viska ut grenser mellom
nasjonar, hudfarge, religion og elles andre "skille" mellom menneske.
Og ikkje minst likar eg at overskudd frå konkurransen går til 
eit godt formål. Les meir på NSFF sine sider, der er også 
dei andre fotografane/fotografia representert. 


Men attende til den cheezy tittelen på dette innlegget.


Eg har alltid lyst å læra meir av alt eg ikkje er så god på,
eller som eg ikkje har gjort før. Som til dømes babyfotografering,
eller fashion, to heilt ulike retningar innan foto, men dog. 
Det eg ikkje har prøvd lokkar meg, og då sjekkar eg det alltid ut.
No har eg sjekka ut ein del baby, og det slår meg at desse nakne føtna
er eit yndig motiv. Med hjarter og vare hender rundt. 


I all mi fotografering prøver eg å snu og venda litt på 
grunnane for å ta eit bilete akkurat slik eg gjer det,
og når eg ser andre bilete som eg tykkjer er bra, 
prøver eg å tenka KVA som gjer akkurat det bilete
så bra i mine auge. Stemning, lys, fargebruk, komposisjon..
you name it.


Og noko av det som er så fint med bilete av babyføter
er jo at mange av dei fortel om det nære og kjære,
hud mot hud og omsorg. Mange slike bilete er veldig fine, 
men ein tykkjer eg ser ut som "dette tar eg berre fordi det er fint"


Eg måtte sjølvsagt gjera mine bilete litt anleis,
både fordi eg ikkje har noko baby for handa nett no,
og fordi eg alltid likar ein eigen vri.


Modellane mine vart då min husbond og minstefrøken på fire.
Ingen av dei har særleg små bein, og det var snakk om noko
tåfis og greier, så dette var nok heilt etter boka. 
Eit svart teppe på golvet som bakgrunn, og me var i gong.
Roles was turned.





© Jorun Larsen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar