onsdag 21. august 2013

Mette + Vegard




Då var det på tide å ta opp tråden 
att etter ein tidvis hektisk sommar. 
Planane me hadde for ferien gjekk rett i vasken
grunna sjukdom, og me nytta heller tida på å 
bygga terasse, ordna litt i heimen, og på jobbing.


Sidan sist har eg mellom anna fotografert i 
bryllupet til Mette og Vegard - der dagen
vart av sorten eg seint vil gløyma.


Nokre dagar før vigsla fekk eg ein telefon 
frå brudgomen. Han ville kuppa fotograferinga
med ein helikoptertur.
- Har du flyskrekk?
- Nehei!
Og slik gjekk det altså den dagen. 



For eit vakkert brudepar! 
For ein nydeleg dag! 
Og for ei oppleving!
















































Vigsla vart haldt i Enes Kyrkje i Kvinnherad,
deretter gjekk turen over Rosendalsalpane, og heilt inn over
Ulvanosa i Uskedalen, og vidare inn til
nydelege Guddalstunet for noko knipsing.
Så attende i helikopteret, og rett opp på
Kviteggjo for dei siste bileta. 



Vel heime (landa i hagen!)
var det stor gjensynsglede, både
med brudeparet, brudefølgjet,
og ikkje minst helikopteret. 







{Canon 5D mkII}
{70-200mm, 2,8 / 24mm, 1,4}
 
© Jorun Larsen













Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar