tirsdag 9. juli 2013

Vakre Herøysund



I Herøysund, Kvinnherad, fins ein gamal, restaurert kai med mykje historie. 
Der startar - eller sluttar - Postvegen, som går heile vegen mellom
Herøysund og Utåker. 



På ein solskinsdag, med nyfikne sauer og lam like ved, tok eg meg nokre minutt
med kamera. Det var vel temmeleg nær meditasjon der eg stod.



Meinar dei seier at heile turen langs postvegen tek omlag fem timar. 
Den turen skal eg ha meg snart.








Frå kaien går vegen opp denne grusvegen. All æra til dei flittige menneska som
har gjort dugnadsarbeidet med å grusa og rydda stien der den gamle postruta gjekk!









© Jorun Larsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar