torsdag 20. juni 2013

Sommarmagasinet - ute no.




No er sommarmagasinet ute.
Det eg har jobba med i mai, og noko i juni.
Etter slike prosjekt pleier eg ta meg litt fri,
og då passa det så inderleg godt med ein 
solskinsdag i dag. 



Med familie på besøk. 
Middag på den nesten ferdige terassen.
Klipping av plen og planting av blomar.
Så litt soling i kveldssola med minsten,
- mamma, du e best!
Slike dagar er min favoritt.



*


Det er nye prosjekt som står for tur,
men aller først tenkte eg å posta nokre 
bilete frå Baroniet i Rosendal.
Bilete eg tok, som ikkje kom med i magasinet. 
Eg har lært meg til å heller ta tjue bilete for mykje,
enn å sitja att og berre ha nett nok med gode bilete.


Men i Baroniet kan ein nesten ikkje koma frå
eit godt brukt minnekort. 
Motiva er så mange, 
og det er så uendeleg vakkert der.



*



Magasinet kan forresten lesast her.



*



Baroniet, folkens;

























© Jorun Larsen












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar