onsdag 5. juni 2013

Rønnaug + Thomas = sant





No er bileta tekne. Eit hav av nydelege augneblinkar.
Klemmar, kjensler, kjærleik. 
Dagen var full av lott og løye. 
Brudeparet var emosjonelle,
slik at det smitta.


Eg har enno ikkje hatt tid til å sjå på
og klargjera storparten av bileta, 
men eg har sett gjennom alle, og eg
håpar brudeparet vert nøgd. 


På veg til vigsla tenkte eg litt på kor lista skal leggast.
"Skal eg tenka på dette som ein jobb?" undra eg.
"Eller skal eg tenka at dette er noko av det største ein kan få gjera."


Eg gjekk for sistnemnde tanke. 
Å få ta bilete av eit par - som lovar kvarandre evig truskap -
er ei tillitserklæring, og ein  s k a l  gå inn i det med nerver og
litt høge skuldre, for det er mitt arbeid å gi dei minner for livet. 
For alle dei som kjem etter.


Trur det er bra å ha slike augneblinkar. 
Eg har jo teke bilete i bryllup tidlegare og, 
og eg vil jo sjølvsagt gjera mitt beste.
Men si eiga rolle i ein slik "arbeidsdag" trur eg er 
ok å tenka gjennom. Eg veit at eg stiller høge krav til meg sjølv,
og eg trur at det er slik eg kjem til å leggja meg på dei andre
oppdraga i denne kategorien.


For det er fleire bryllup denne sommaren som skal fotograferast,
nye minne skal skapast. Eg tek det personleg å bli spurt.
Tek det som ei av dei største tillitserklæringane.
Og eg senkar ikkje skuldrene før eg er nøgd.
















{Bileta er tekne i Handelandsdalen i Kvinnherad}



© Jorun Larsen



2 kommentarer:

  1. Blei flotte dei der :) Legg gjerne ut fleire. Lars M

    SvarSlett
  2. Takk for det!
    Kjem nok fleire etterkvart. Veit det er fleire fine i bunken.

    SvarSlett