#UNGDOMSFOTO

#UNGDOMSFOTO er eit gratis tilbod til unge fotointeresserte mellom 12-18år.
Annankvar torsdag (ein onsdag) har eg ope i studioet mitt i Skålagato mellom kl.18-20,
og inviterer ungdom til å komma innom for å læra, og utvikla sitt eige uttrykk. 


Dei som kjem vil kunna få hjelp med sitt kamera, læra om ulike sjangrar, 
læra enkel redigering, sjå på bilde frå andre fotografar, få tips og utfordringar. 
Det passar for alle, anten ein er interessert i portrett, landskap, gate- eller dokumentarfoto,
makro, selfies, dyr, action, historiefortelling, former, mote, natur eller kva som helst anna.
Nokre gonger vert det kanskje til at me går ut for å fotografera i lag.


Forhåpentleg vil desse kveldane vera med på å inspirera og 
gi ny kunnskap, samt ein får treffa andre med same interesse.
Ein treng ikkje noko dyrt eller fancy kamera for å delta.



Desse dagane er det #UNGDOMSFOTO i 2015

1/10 - onsdag 14/10 - 29/10 - 12/11 - 26/11 




Spørsmål? Send meg ein epost 
post@hildringdesign.no





Sjåast forhåpentlegvis!







1 kommentar:

  1. Fantastisk bra tiltak Jorun
    Dette tror jeg ungdommene kommer til å sette pris på.

    SvarSlett