onsdag 8. april 2015

Hatt



Ein ting eg elskar er når eg vert inspirert av meg sjølv.
Heldigvis er det noko som skjer ofte, og eg spinn lett
vidare på idear eg sjølv tykkjer er estetiske og interessante.
Noko så enkelt som ein hatt har gitt meg mange idear
om historier som spinn villt i fantasien min. 

Bildet eg først tok - den dagen eg fann ein gammal
hatt i skykkjo, full i sagmo og spindelvev - 
fekk eg nyleg ein gullmeldalje for i ein 
internasjonal fotokonkurranse som vart haldt i Serbia,
Makedonia, Bosnia & Hercegovina og Bulgaria. 
Biletet heiter When the going geets though...

I går gjorde eg ein ny serie med utgangspunkt i 
hatten, frakken og samme modellen (snille mannen min!)
Desse gjorde eg i grungy svartkvitt, der fokuset var på form og perspektiv. 

Tåka låg tungt i gårkveld,
det er ein anna ting som inspirerer meg MYKJE. 
Tungt og trist vêr set ei stemning på bildene som ein 
ikkje får når det er solsteik og frodig ute.









© Jorun Larsen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar