Eg har hatt mange innom for fotografering i haust,
noko eg synes er temmeleg stas, sidan det trass alt ikkje er
så veldig lenge sidan eg bestemte meg for å satsa meir på fotografi.
Kalenderen har fleire avdesse dei to siste månadane i 2014,
og eg har i tillegg ei julefotografering på planen;
Julefotografering 29.november
Det vert drop-in julefotografering under Jul i Rosendal i år. Eg legg opp til minisessions på
omlag femten minutt i lokalet der bokhandelen var tidlegare. Settinga vert lun, enkel og tradisjonsrik.
Prisen er 450,- for ein session, der ein får to ulike bilde tilsendt på epost. Kun kontantbetaling.
Bildene kjem i farge og svartkvitt-versjonar, og vert sendt i løpet av få dagar,
slik at ein får bestilt julekortene i god tid før jul!
Opningstid; 10.00 - 16.00 (eventuelt lenger dersom stor pågang)
Vel møtt!
Her er nokre av bildene frå i haust.
Så mange små og store fine folk
- eg er så heldig som får møta dei!
♥
© Jorun Larsen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar