torsdag 13. november 2014

Finaste Leonora



Her er enno ei fotografering
der eg har tatt både gravidbilder av den flotte mammaen
og deretter bilde av den gode jenta hennar, Leonora.
Det er alltid noko spesielt med å fotografera menneske,
for bildene blir ikkje berre deira minne om ei spennande tid,
men det vert ungande deira sine minne, 
og ikkje minst borneborn og anna familie, i generasjonar etterpå.





Eg blir nesten litt skjelven av å tenka på det, at eg får vera med på å skapa dei minnene
som om kanskje 80 år framleis er grunnlaget for å ha eit oldebarn på kneet,
og fortelja om korleis livet var då bestemor var lita. Kor vanvittig er det?! 
For meg er det ein av dei mest magiske sidene ved fotografiet. 
Ein er med på å skapa og frysa augneblinkar i livet,
som følgeleg vert grunnlag for historiar,
forståing, nærleik, minner… wow. 


Og ikkje minst,
heilt fullstendig herleg
å ha desse fantstiske små, nye
menneska på besøk. Gosj, så heldig eg er.








© Jorun Larsen







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar