søndag 3. august 2014

Gravidfoto - nydelege Helene




Dei siste vekene (månadane) har det vore så inderleg flott ver,
i grunn så sterk sol at alle fotoseansar burde vert lagt til før eller etter solnedgong.
Men så finst det heldigvis skugge, og der tok eg med dette flotte paret
med deira (jaja, hennar - men dei er to om det) voksande mage. 

Nokre bilde vart tatt i skuggen, og nokre med sola som effekt.
Eg er framleis heilt imponert over desse smilande gravide jentene
eg møter, dei er så spreke og positive at det er ei fryd! 
 Borna som kjem frå desse vil definitivt få ei herleg framtid! 

Så Helene vart rullande rundt i graset opp til fleire gonger før me var ferdige
"sitt her, stå der, kan du vassa over elva her, og opp dette berget, så har me det…"
Slik går no dagan.. 👍












© Jorun Larsen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar