onsdag 4. juni 2014

Perspektiv

Etter eg hadde vert på Nordic Light - den store internasjonale fotofestivalen i Kristiansund 
tidlegare i mai, reiste eg heim med meir baggasje enn min blomstrete koffert og ein sekk.


Ein av dei daglege postane under festivalen var morgonfilm,
der Morten Krogvold hadde valt ut creme de la creme av kultfilmar og 
dokumentarar, og sjølv opptak frå det glade 80-tals musikkprogram på tv.
Frå den tida me kalla det for fjernsyn, altså.
Desse morgonfilmane traff meg midt i magen - dag etter dag.


Men den første morgonfilmen som vart servert, DEN ligg tungt enno.
Ein vakker estetisk film om jorda vår, korleis alt heng i hop.
Korleis materialismen og oss levande vesen, - nei oss menneske - som dei einaste av 
klodens levande vesen, klarar å øydelegga samspelet mellom organismane som fins her.
Dei same organismane som har hatt ein perfekt samspel så lenge kloden har eksistert.
Dei organismane som er GRUNNEN til at det har eksistert, og eksisterer liv her på jorda.


Eg har aldri vore fan av materialismen, (seier eg medan eg ser djupt inn i min 27" iMac)
og eg har liksom ikkje noko løysing på kva ein kan gjera - 
uten å vera den forskjelen sjølv.  


Det er så store tankar som svever rundt dette tema at eg ikkje har ord til å forklara.


KVIFOR er det ingen som set opp store solcellepanel i område der det er mykje sol, og så mykje
tørke og lite energi at menneske ikkje kan ha varme på om natta?
KVIFOR meskar 20% av verdas befolking seg med 80% av maten og ressursane som fins?
KORLEIS kan det forsvarast at me handlar inn uland sine ressursar, og sel foredla varer attende til
mangedobbel pris? Og KVA i huleste foregår i hovuda på dei som på død og liv skal bora etter olje
über alles, meir, meir, meir, meir, meir, meir! I mitt hovud er det på tide å ta vare på det me har,
og nytta midlane våre på det som er fornybart.


Det var i desse tankane eg fekk ein ny støkk då eg nesten var heime frå Kristiansund.
Midt i hordalandsbassenget - der eg såg Folgefonna - som minkar i rekordfart - den eine retninga.
Og då eg snudde meg 45grader såg eg rett i Fitjarfjella - der den store vindmølleparken har 
overteke landskapet. Ein ser ikkje skogen for berre vindmøller. 
Eg bur no under fjella like ved Folgefonna, men kjem frå Fitjar - 
eg budde like under fjellet der møllene no står og snurrar. 


Då eg såg dei slik på avstand, og på samme tid, då gjekk det opp for meg
at tankane eg har hatt om at vindmølleparken aldri burde blitt ein realitet
(grunna lokale og andre sine argument som etter mi meining bunna i rein 
materialistisk og økonomisk vinning - ikkje pga fornybar energi),
faktisk var ei fantastisk satsing. 


Då eg såg litt lenger såg eg jo at dette er noko bra. På grunn av vindmøllene
i Fitjarfjella, og andre stader, er ein på rett veg. Mot å utnytta naturen slik organismane
på jorda har gjort frå dag ein. Nokre gonger er det vanskeleg å sjå lenger enn til sin
eigen nasetipp. Men etter Nordic Light, og den første morgonfilmen, kjenner eg at eg 
har fått eit ørlite glimt nokre millimeter lenger fram. 



Bileta er teken frå fjorden. At skyene spelte sitt flottaste 
dramastykke denne dagen var berre ein visuell bonus.


Folgefonna og Kvinnheradfjella

Vindmølleparken i Fitjarfjella på Stord



© Jorun Larsen



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar