torsdag 24. april 2014

Startskot for bryllupssesongen 2014


No er eg straks klar for årets første bryllupsfotografering,
kjenner meg litt spent, her er fleire spanande og ulike
bryllupsfotograferingar i boka allereie for året. 
(Eg har sjølvsagt rom for fleire!)


Sjølv om eg førestiller meg ulike bilete og settingar,
veit eg at situasjonen som oppstår nettopp den dagen
spelar ei stooor rolle i korleis eg jobbar og korleis 
stemninga i bileta blir. 


På bryllupsdagen er jo stemninga stort sett veldig rommantisk
og god, men nokre høge skuldre og klamme nevar fins definitivt rundtom.
Utolmodige ungar, forlovarar som tenker mest på talen dei skal halda,
Øvrig familie som ønsker familiebilete hist og pist, fjasne tanter og eit ektepar som 
føler dei må ta seg av alle gjestene. Mørke skyer på himmelen 
ein dag der alt helst skal gå på skinner.


Sidan eg veit at det er slik, prøver eg å få brudeparet til å slappa av iallfall 
under fotograferinga. Det treng dei ikkje bekymra seg for - eg har kontroll. 
Med litt is i magen og ein veksande erfaring, veit eg at ein ror i land det meste.
Alt frå hylande ungar, til våte regndråpar i nystelt hår. Og gud kor gøy det er å 
levera frå seg bilete. Minne frå dagen - som når dei tenker attende på den 
er den aller beste dagen i deira liv. Å få vera med å bygga opp under minnene.
Kanskje få visa augneblinkar ekteparet og gjestene elles ikkje har fått med seg.
Største stas i verda!


Nei, eg er klar, og skal gjera mitt beste for at fotograferinga også blir eit kjekt minne.


Dette er den vakre frøkenen som skal bli fru neste helg. Bileta er frå utdrikkingslaget, som var ein stor suksess, med ein herleg gjeng. Og alle hjarter gler seg til neste helg!






















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar