tirsdag 26. november 2013

Tysdag, ein god dag for litt musikk



Musikk er ein Stor del av kvardagen min.
Desse dagar går det mykje i bergensjenta
Monica Heldal. Jøsses for ein musikk!
Kun 22år men med ei moden sjel i stemma, 
eg assosierer med fleire av noregs flinke 
syngedamer. Soulen til Silje Nergard, 
like leiken som Nathalie Nordnes,
ung og uskuldig som Marit Larsen,
sjangermessig meir nær Ane Brun. 
Med Cato Salsa på gitar, ein av mine 
noko yngre dagars rockeheltar, 
vert det krem de la krem.


Sjekk ho ut. Plata hennar Boy From The North 
har trilla til yatzy og fullt hus. Med god grunn.




Digital teikning fritt etter foto av Henriksen & Sollerman



LINK

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar